Kvar vår og kvar haust i tre år har To menn turnert med teiknefarmsyninga si i Sogn og Fjordane. I april 2016 er reisa over. Då har tvillingbrørne og tavla vore innom alle barneskulane i fylket.
Det har vore ei sann glede heile vegen. Ja, til og med då teiknarane nyleg vitja Brekke i Ytre Sogn, våtaste plassen i Noreg, der det fell over fem meter nedbør i året, smilte sola frå blå himmel. Ho tørka opp gard og grend og grin og gruff. For slik er sola. Ho gøymer seg bak skyer og nattsvarte timar, men kjem alltid att og lyser der brørne turar fram.
Livet er i sanning ikkje rettvist.
Sjå òg:
• Tidlegare reiserapportar frå Sogn og Fjordane ligg her, her, her, her, her, her, her og her.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar