Denne hausten er tredje året To menn vitjar Sogn og Fjordane med teikneshowet sitt. No går turnébussen til skular i Sunnfjord.
 Toppmøte
 
Toppmøte 
Artistlivet er utruleg kjekt. Ikkje minst når folk og natur syner seg frå beste sida heile vegen. Som i dag:
Då brørne svinga innom Førde i finvêret, støtte dei på eit levande landemerke: på parkeringsplassen stod sjølvaste Oddvar Torsheim, teiknemester og kunstnarlegende! Det vart smil og smisk frå dei unge og eit minnerikt halvminutt for kjendissvoltne tvillingar. Vestlandet på sitt beste!
 Reprise
Reprise 
Biletet frå asfaltmøtet i Førde minner om eit tidlegare blinkskot med tre tryne: sjølvien då to menn trefte ein trippelgjengar i 2014.
Ja, tilværet er stappfullt av høgdepunkt for alle som ser etter!
Fleire biletrapportar frå Sogn og Fjordane:
• Støttennar 2013
• Stad med artistnamn 2013
• Trillingar 2014
• Mjølk og badeenglar 2014
• Egg og ananasar 2014
• Fjordidyll 2015
Sjå òg:
• Teikneframsyninga «To menn og ei tavle»
• Avisteikningane og biletbokillustrasjonane til Egil
• Reklameside for illustrasjonane til Svein
 
 
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar