21. oktober 2013

Biletbøker og utstilling i november

Summary in English: Svein Nyhus has recently finished illustrating "Hva sier reven?" ("What Does the Fox Say?"), a children's picture book based on Ylvis' YouTube hit. The book will be released in Norway on November 14th. This month he will also publish "Lars er stor" ("Lars is big"), a picture book for small children, and show art work at an exhibition in Oslo together with his twin brother Egil.

14. november kjem «Hva sier reven?», ei ny biletbok med teikningar av Svein Nyhus. Illustrasjonane vart lagde då han og tvillingbroren vitja skular i Sogn og Fjordane i september og hadde ledig tid om kveldane og nettene. Staden passa òg bra. Forfattarane bak barneboka har nemleg etternamn frå Sogndal – slik vegskiltet på turnébiletet syner. «Ylvisåker» er dessutan ein badeplass med eige tørrklosett.

Berre to dagar etter at reveboka er ute, kjem «Lars er stor». Ja, det renn ut. Og broren? Det sprutar og renn der òg. Og same månaden har tvillingane utstilling i Oslo. Bloggredaksjonen seier berre: Finn fram tørrklosettet!



Sjå meir reklame her:
«Nyhus og Nyhus», illustrasjonsutstilling i Tegnerforbundet i Oslo 31.10.-24.11. 2013
Utstilte digitaltrykk frå bøkene til Svein som òg kan tingjast gjennom bloggen
«Hva sier reven?», biletbok i sal frå 14.11.
«Lars er stor», biletbok i sal frå 16.11.

Og det er fleire Svein-revar her.

3 kommentarer :

  1. For ein maskin du er Svein!
    Fin sprett i beina og knekk i halen til reven:)

    Gleder meg til nok ei Lars bok:)

    Alt godt!
    -Anna

    SvarSlett