Teiknarduoen får godt stell på skulane dei vitjar i Sogn og Fjordane i september 2014. På ein montessoriskule hadde ei tredjeklassejente ordna med brødskiver og to glas mjølk ferdig serverte i kjøleskapet då tvillingane kom. Snakk om service!
Og turnévêret er strålande. Same kvelden, midt i haustmånaden og ein tidleg husmannssommar, bada to menn (i det minste ein av dei) i Stadhavet på Selje iført berre klokka. Og dagen etter bøygde brørne nakken på «Vestkapp», fjellplatået på Stadlandet fem hundre meter over havet med innsyn og utsyn til heile verda.
Godvêrsbonus: Panoramabilete av to menn på tur over Nordfjorden der éin prikk lik mann (han med dei pene tennane) på finurleg vis vert to prikk like menn. Det passar perfekt!
Sjå òg
• To menn i Sogn og Fjordane september 2013
• To menn i Sogn og Fjordane mai 2014
• To menn eter i Ytre Nordfjord september 2014
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar