Summary in English: This autumn Svein and Egil Nyhus, Norwegian illustrators and twin brothers, will visit several schools and libraries with their drawing show for children. Svein works mainly as a book illustrator, Egil as a caricaturist and a cartoonist. The photo shows the siblings in front of a van decorated with a famous look-alike.
Hausten 2016 kjem tvillingane Svein og Egil Nyhus til Nord-Trøndelag, Hordaland, Ringsaker, Øvre Eiker og Lørenskog med framsyninga «To menn og ei tavle», eit teikneshow dei har fare rundt med sidan dei debuterte med kvar si biletbok i 1995.
På biletet står brørne framfor ein oppspjåka van frå England. Bilen hadde passa perfekt som turnébuss for teiknarane, men vogna var oppteken og trippelgjengaren i lakken var uråd å få med.
Ok. Så får karane greie seg med kvarandre. Eigen karisma er ikkje lånte fjører, men ekte saker!
Sjå òg:
• Ein annan trippelgjengar 2014
• «To menn og ei tavle», teikneshow for store og små
• To menn på Facebook
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar