KUNSTTRYKK TIL SALGS
PRINTS FOR SALE

29. september 2015

Illustratører i 30 år:
Svein og Egil Nyhus stiller ut i Galleri Jessheim

Summary in English: This October Svein and Egil Nyhus, Norwegian illustrators and twin brothers, will show picture book illustrations and editorial cartoons at an exhibition in Jessheim, Norway.



Foto: Anne B. Ragde, 2015
Tvillingbrødrene Svein og Egil Nyhus begynte som frilans illustratører på heltid i 1985. I oktober 2015 markerer de trettiårsjubileet med utstilling i selveste Galleri Jessheim! Ullensaker kunstforening holder til i kroken på torvet ved Jessheim Storsenter, bare ti minutter unna Oslo Lufthavn, Verdens Navle.

Egil viser signerte kunsttrykk av avistegninger fra Romerikes Blad og originalillustrasjoner fra bøkene om Kaptein Sabeltann. Svein viser trykk fra gamle og nye bøker. Det blir til sammen nesten hundre bilder. Og yr melder om fint vær! Hva mer kan en ønske seg? To tusen kroner, kanskje?

Noen av Egils avistegninger og bokillustrasjoner:



Og noen av Sveins:



En pressemelding forteller at «Svein og Egil har formidlet lek og alvor til barn og voksne gjennom tre tiår og skapt underholdende illustrasjonskunst av høy klasse.» Men for ordens skyld: Egil begynte som fast avistegner i Vestfold Arbeideblad som 16-åring, altså for 37 år siden. Ikke rart han har fått trening.

Se også:
Om utstillinga på Facebook
Noen kunsttrykk fra utstillinga

10. september 2015

Godt val!

Summary in English: Illustrator and cartoonist Egil Nyhus finds a pun in the Norwegian municipal election 2015; the "Smoke-free Entrance Area" sign literally reads "Smoke-free Entrance Party".

Med ein slåande partiplakat frå Førde lufthamn ynskjer To menn lukke til i kommunevalet 2015!

Teiknartvillingane, som er på skuleturné i Sogn og Fjordane på valdagen, har sjølvsagt røysta på førehand. Same kvelden skal broren på biletet teikne karikaturar av politikarane. Han andre skal noko anna.

Forresten: I Bjørgvin bispedømme er folk så rike at jamvel postkassene har gras på taket og potteplanter i vindauget. Ja, Senterpartiet får det til!

Sjå òg:
Teikneshowet «To menn og ei tavle»

3. september 2015

Teiknarar i Sogn og Fjordane:
Toppmøte på parkeringsplass

Summary in English: A snapshot from Førde, Norway, capturing three Norwegians specialising in the art of drawing: graphic and musical artist Oddvar Torsheim (b. 1938) with Egil and Svein Nyhus (b. 1962), twin brothers and illustrators touring primary schools with their drawing show.

Denne hausten er tredje året To menn vitjar Sogn og Fjordane med teikneshowet sitt. No går turnébussen til skular i Sunnfjord.

Toppmøte

Artistlivet er utruleg kjekt. Ikkje minst når folk og natur syner seg frå beste sida heile vegen. Som i dag:

Då brørne svinga innom Førde i finvêret, støtte dei på eit levande landemerke: på parkeringsplassen stod sjølvaste Oddvar Torsheim, teiknemester og kunstnarlegende! Det vart smil og smisk frå dei unge og eit minnerikt halvminutt for kjendissvoltne tvillingar. Vestlandet på sitt beste!

Reprise

Biletet frå asfaltmøtet i Førde minner om eit tidlegare blinkskot med tre tryne: sjølvien då to menn trefte ein trippelgjengar i 2014.

Ja, tilværet er stappfullt av høgdepunkt for alle som ser etter!


Fleire biletrapportar frå Sogn og Fjordane:
Støttennar 2013
Stad med artistnamn 2013
Trillingar 2014
Mjølk og badeenglar 2014
Egg og ananasar 2014
Fjordidyll 2015

Sjå òg:
Teikneframsyninga «To menn og ei tavle»
Avisteikningane og biletbokillustrasjonane til Egil
Reklameside for illustrasjonane til Svein